[ Tilbake ]

Ivarfabrobua 8. oktober 2007
 

Natt til i dag overnatta Ove i Supphelledalen og igjen var han på feil plass, men han var rimeleg sikker på at om me reiste inn igjen med to mann så skulle det mykje godt gjerast å ikkje klare å lure bukken. Meldinga Ove skreiv til Tormod i 15- tida i dag lydde slik "Eg er omtrent heilt sikker på at om me reiste inn to mann, ein på Fremsteteigen og ein ved Vetleløa så hadde me fått dyr". Dette hadde Tormod sagt til Johnny, Johnny ringte så Ove og dei bestemt seg for å dra inn, Trygve som eigentleg hadde tenkt seg på Berge i kveld blei også med.

Johnny la seg i Ivarfabrobua, Ove installerte seg i Gamlehuset og Trygve nytta tårnet på Neset. Klokka kvart på åtte gjekk det eit skot og etter ei lita tid kom Johnny på VHF`en og sa han hadde skote ein pen bukk. Dermed er bukken, ein 10-taggar, det tredje dyret me har skote så langt dette året.

 

Johnny med 10-taggaren

Trygve og Ove utgjorde resten av jaktlaget denne kvelden