[ Tilbake ]

Vetleløa 28. september 2007
 

Så vart det fullmåne og så utruleg som det enn høyrest ut så vart det klår himmel og! Johnny og Ove reiste inn til Supphella i 11-tida om kvelden. Månen var ikkje komen i dalen då me kom inn så det blei på venting eit par timar. Johnny installerte seg i Vetleløa medan Ove gjekk opp i skytetårnet på Neset. Etter ei god stund spurde Ove i VHF`en om Johnny såg dyr, det gjorde han, han sa han tilsaman såg 5 dyr men at dei var for langt borte til å få forsvarlege skot, det blei lang venting, men litt før kl 03 trakk bukken oppover mot Johnny og skotet gjekk. Like etterpå vart Ove kontakta av Johnny: "Du kan berre kome fram no, det ligg ein bukk her".  Bukken låg omlag 60 m frå Vetleløa, Ove køyrde CRV`en ned på marka slik at me hadde nokolunde bra arbeidslys. Vel ferdige med utvomminga, reiste me heim for å sove. Trygve og Ove reiste så inn igjen om morgonen for å få bukken heim.

 

Johnny med bukken, etter eit døgn vog den 112 kg

Ove tek frakken av bukken