[ Tilbake ]

Daurmåla 10. september 2007
 

Så er me i gang att. Tormod og Trygve reiste inn til Strunka søndagsettermiddagen for å være på plass måndagsmorgonen. Dei såg mange dyr men diverre var desse ikkje av den mest regjerlege typen.

Det hadde vore sett dyr oppe i Daurmåla søndagskvelden så Ivar, Tormod og Ove satsa på at det ville kome dyr der på måndagskvelden og. Karane sette seg difor oppe hjå Asbjørg for å kikre Daurmåla. Langt om lenge så kom det til syne eit fjordyr og karane bestemte seg for å prøve på dette. Tormod gjekk frå Heimastødl og ned til og opp Beitabakken, Ivar sette seg i heimkant av Daurmåla medan Ove skulle gå gjennom skogen. Randi hadde kontakt med oss og gav oss beskjed om kva retning dyret bevega seg. Dette skulle vise seg å bere frukter og me fekk året første dyret, ei fjorkolle.

 

Ivar med fjorkolla