[ Tilbake ]

Øyestødl 17. november

Tormod og Ove reiste inn fredag etter arbeidstid, Tormod la seg på Øyestødl medan Ove ville prøve Vetleløa. Det så heller dårleg ut og i 18-tida sendte Tormod melding til Ove med spørsmål om ein skulle gi seg. Det blei til det og Ove køyrde ned til Tormod for å hente han. Då Ove køyrde over brua til Øyestødl vart han plutseleg vâr eit dyr berre 20m frå bilen. Det blei straks på rygging og over brua att og opp i tunet til Ingvar for å parkere. Ca 10 minuttar etter at Ove hadde parkert gjekk skotet og Tormod hadde fått 10-taggaren. Etter at slaktinga var over blei det opp på Fjellstødl for å lage middag og ta seg ein liten bukkedram :-)

 

Tormod og 10-taggaren