[ Tilbake ]

Vetleløa 10. november

Trygve, Tormod, Ivar fabro og Ove prøvde seg på kveldsjakt den 9. men diverre så var dette resultatlaust, ingen av oss såg eit einaste dyr. Tormod og Trygve reiste heim att om kvelden medan Ove blei verande og Johnny kom inn om natta. Ove overnatta i Vetleløa medan Johnny posterte nede hjå Ingvard og Ivar fabro posterte framme ved Sigurdløa. Kl 06.00 såg Ove ein liten bukk kome heimover, Ove skaut og bukken datt. Dette var det einaste dyret me såg dette døgnet men kva gjer vel det når me fekk det. Ei stund etterpå køyrde Ove ned til bommen med Johnny då han skulle på arbeid. Vel inn att i Supphelledalen ringde Ove til Ivar og fekk han til å kome med traktoren og køyre dyret opp til reiskapshuset. Her slakta Ivar fabro dyret medan Ove var assistent.

 

Ove med spissbukken

Spissbukken