[ Tilbake ]

Vetleløa 19. oktober
 

Ove sat på med Asbjørg og kom tidleg inn på torsdag ettermiddag. Han gjekk direkte opp i Tverrdalen då det der var rapportert å vera ein bukk kvelden før. Vinden var meir enn ugunstig og Ove valde difor, etter ein times tid, å gå ned att til gamlehuset for å setje seg der på rommet "sitt" i 2. etasjen og håpe på at det skulle kome dyr ned til epletrea. Medan han sat der kasta han eit blikk ned på bøen under Vetleløa og der gjekk det forsyne meg ein bukk. Ove hadde ikkje vidare tru på at å kome seg inn på dyret men prøvde likevel. Det gjekk ikkje, han klarte ikkje å nærme seg dyret utan at det ville kome til å sjå han, han sprang difor opp att til husa og fekk Mikkel til å køyre seg ned til Vetleløa. Ove sprang inn i løa frå vegsida, ladde oppatt og gjekk fram til opninga og skaut på bukken, men den stod likegodt og Ove måtte sende eit skot til på den og dermed datt han som han skulle. Som regel er  marginane sjeldan på jegeren si side men denne gangen klaffa alt.

 

Ove med 6-taggaren