[ Tilbake ]

Storegranden13. oktober
 

Trygve og Espen overnatta i Strunka frå torsdag, omlag 0630 fredagsmorgon gjekk Espen framover dalen og sette seg, medan Trygve skulle kikra etter dyr i Stølsskredao før han gjekk bort dit og sette seg. Etter å ha kome fram til den nye skreda omlag 10 minutt framom hytta høyrde Espen ein bukk som gjekk oppunder Styrkhamrane og bura. Espen hadde fått eit lynkurs i buring hjå Tormod kvelden før, men klarte ikkje å få nærare kontakt med bukken. Omlag 0730 kom ein bukk nedover grasbakken rett framom skreda Espen sat i, tydelegvis på veg bort til bukken på andre sida av elva. Espen bura slik at bukken stoppa og snudde breisida til nede ved elvebredden, bukken datt og resten av dagen gjekk med til slakting og bering.

 

Espen med 11-taggaren

Fader Trygve var også med