[ Tilbake ]

Krysset framom Hamralaget 12. oktober,
heretter kalla Tormods plass :-)

I går fekk me positive signal på at det stod dyr i området Daurmåla/Beitabakken/Bjødleskrea, me reiste difor inn men fekk ikkje noko dyr. Ekstra tende for me difor i dag igjen inn då me trudde at det framleis var dyr i same området. Espen vart postert i Åreskrea, Trygve i Daurmåla, Tormod i krysset framom Hamralaget og Ove som kikkertmann på andre sida av dalen (før han gjekk til Daurmåla). Tormod løyste dyr då han kom opp, dyret forsvann heimover under Hamralaget, ned Beitabakken og vidare nedover Daurmåla, diverre hadde ikkje Trygve kome seg i posisjon då dyret for heimover. Ove såg dyr øverst ved fjellet over Glepsepåyla, dette dyret trekte framover mot Bjødleskrea og forsvann. No ville Tormod prøve med lokking på dyr, etter å ha helde på med det kvar femte minutt i ca ein halv time kom bukken på 20 meters hald og datt for ei Trophy Bonded. Då var det for Trygve og Ove å ta seg opp til Tormod for å hjelpe til med bukken, det blei seine kvelden før me kom til Sogndal att, det er hardt men gutta liker det ( fritt etter Hjalmar F)

 

Tormod med 4-taggaren sin

Resten av jaktlaget denne dagen var Espen, Ove og Trygve, Espen var postert lenger framme og blei diverre ikkje med på bilete