[ Tilbake ]

Ali 1. oktober

Ove reiste inn i går ettermiddag for å prøve å lure ei fjordkolle som har lurt han opptil fleire ganger no i haust, det gjekk dårleg, Ove blei lurt nok ei gong. Så tidleg i dag kom Trygve og Tormod inn, men morgonjakta var utan resultat. Etter ein god brunch hjå Pekka prøvde me lia oppover mot Raunehaugen, også det vart resultatlaust. På sett og vis hadde me no gitt oss med jakta for i dag men me fann ut me ville gjera oss kjente med terrenget over husa på Neset. Etter å ha fått forklart grensene gjekk me halvveges opp mot Oksli, Tormod meinte me kunne prøve oss på eit lite krøk når me først var der, Tormod gjekk difor lenger oppover mot Oksli og fram mot vatnet medan Trygve og Ove posterte på det dei meinte kunne vera gode plassar. Det gjekk ikkje lenge før Ove såg eit stort dyr kome i bra fart mot han, Ove skaut og kolla datt. Kolla vog 83 kg. Sidan me meir tok denne turen som ein "bli kjent tur" hadde me ikkje tauverk med oss, kun ein skinner (kniv) . Me ringte derfor til Ingvar og spurte om han kunne gå oppover og i møte med Ove. Det ville han og han kom ikkje åleine, med seg hadde han Gunnar og Einar. Dermed fekk me særs god hjelp til å ta ned dyret, noko me ikkje hadde det aller minste i mot :-)

 

Ove og to av hjelparane; Ingvar og Gunnar. Den tredje gode hjelparen denne dagen var Einar.
 

Tormod og Trygve utgjorde resten av jaktlaget i dag.