[ Tilbake ]

Beitabakken 17. september

Tormod og Ove reiste inn til Supphelledalen i 16-tida laurdag. Om kvelden gjekk Tormod opp til Mikkelstødl medan Ove gjekk på Brehaugane. Det var dårleg med dyr, me såg ei kolle med kalv som kom i stor fart frå Kvannskrea over nedre Styrkhamrane og forsvann inn i Langeskreene. Det var alt me såg av dyr på laurdagskvelden. Søndagsmorgonen gjekk Ove til Mikkelstødl medan Tormod gjekk til Kvannskrea. Me observerte ikkje dyr i det heile. I 10-tida fekk me melding om at Randi hadde sett dyr oppunder Hamralaget over Beitabakken, me bestemte oss difor for å prøve oss på dette dyret. Ca. kl 14:00 var me komne ned til Heimastødl, her stoppa Tormod medan Ove gjekk ned til Randi for å få data om kor dyret var. Det fekk han og me starta jakta. Tormod gjekk opp Tjødnaskrea og inn fremst under Hamralaget medan Ove gjekk ned til marka i Daurmåla og fortsett opp Daurmåla for så å gå inn i Beitabakken, då Ove var ca 50m frå Beitabakken reiste fjorkolla seg og forsvann opp Beitabakken. Ove hadde då ikkje noko anna å gjera enn å gå etter for å få dyret fram til Tormod. Med blom og brennenesle på ca 2 m høgde var ikkje dette direkte morosamt. Ove måtte samla seg då han kom opp til Hamralaget, det gjorde visst hjorten og, iallfall kom ho ikkje fram til Tormod. Etter å ha teke 5 minutt byrja Ove å gå mot Tormod og etter eit par minuttar smalt det og kolla var vår. Så var det å få ned kolla, me hadde for sikkerheitsskuld gløymd tau, men belte hadde me så det vart løysinga, me nytta belta våre til å dra kolla med. Begge belta rauk sjølvsagt og med broka ned på knea var det litt av eit kunststykke å koma nokolunde heilskinna ned. Vel nede hadde Ingvar, Pekka og Mikkel ordna med vinsj så den siste delen av transporten gjekk smertefritt!

 

Tormod og fjorkolla

Han Ove ser godt sliten ut her :-)

Bilete av han som jaga hjorten framover,
ser noko sliten ut