[ Tilbake ]

Slåtteskreene 11. september

Etter mange observasjonar av dyr og nesten-situasjonar første jaktdag var forventningane store då me grytidleg den 11. forlet Strunka med kamoutstyr, kikert og rifle. Johnny gjekk fram til Mikkelstølen og Trygve heim til kikreplassen på Brehaugane, medan Tormod venta på Fjellstølen klar til utrykking dersom det vart observert dyr. Nokså tidleg såg Tormod kolle og kalv som kom frå Svartøyskrea inn i Stølsskrea. Dyra hasta litt på og gjekk til slutt opp og inn på Kvernhushammaren. Desse dyra hadde me sett før og det var tanken å ta ut kalven. Straks etter kom det melding frå Trygve: Fjordyr observert i Slåtteskreene ! Tormod var då allereie komen over brua på Fjellstølen og tok straks heimover langs elva. Dette vart ei klassisk kikertjakt der Trygve dirigerte og leia Tormod i skotposisjon. Dyret fall på staden etter skot på nært hald. Tormod vomma ut og drog dyret til elva der det vart henta då me gjekk heim seinare på dagen.

 

Tormod med første hjortefallet denne sesongen

Resten av jaktlaget denne ettermiddagen var Johnny og Trygve