[ Tilbake ]

Fessene 12. november

Tormod og Ove reiste tidleg laurdag morgon opp på Fjellstødl. Planen for dagen var å reise inn mot Skardbakken for å sjå om det ville kome dyr frå jaget som J E Skjerven og T I Kvam skulle ha i Snauedalen. Tormod gjekk halvveges opp Skardbakken medan Ove posterte fremste under Fessene. Me kunne ikkje sjå at det kom dyr ned Skardbakken men etter ei tid kom det spissbukk mot Ove. Ove skaut og bukken datt. Etter dette kom Pekka, Mikkel, Trude og Ivar og bar ned kjøtet, det hadde me ikkje noko spesielt imot!

 

Ove med spissbukken.

Spissbukken var ikkje av dei største, ca 50 kg.