[ Tilbake ]

Heimabøen 6. november

Johnny og ein kamerat hadde prøvd Berge den 5. men hadde ikkje sett dyr, så difor bestemte Ove seg for å reise inn i Supphella for å sjå om det kunne vera nokon sjanse der. Asbjørg henta Ove på Berge laurdagskvelden og  køyrde han inn i dalen. Ove la seg tidleg i Vetlaløa og vona at det kunne kome dyr på marka om morgonen. Denne turen hadde Ove lånt rifla til Tormod då denne har ein meir lyssterk kikkert enn det Ove har på si rifle. Om morgonen skulle det viser seg at det nok hadde passert nokre dyr på det mørkaste, men då det var høveleg lyst kom det likevel ein 6-taggar gåande, han hadde all verdens tid, så det tok nokre minuttar før han kom på skothald. Eit velretta skot og bukken datt der den stod. Vekta på bukken var 76 kg.

 

Ove med 6-taggaren. Biletet er noko
mørkt men lite ein kan gjera med det

Pekka var Ove sin gode medhjelpar denne dagen