[ Tilbake ]

Stolen 30. oktober

Fredagen på Berge og laurdagen i Supphelle gav ingenting. I bilen heimatt laurdagsettermiddag vart me einige om ikkje å reise på jakt på søndag. Men laurdagskvelden kom lysta til meir jakt tilbake, Ove tok difor kontakt med Espen og Johnny for å høyre om dei ville vera med, det ville dei og søndagsmorgonen klokka 06.00 reiste me inn på Berge. Planen for dagen var at Johnny skulle sitte over tunnelltaket, Ove på Endrefjellet og Espen i Stolen og så fekk dyra berre kome til oss, om det var nokon der då. Klokka 09.30 kom bukken til Espen, Espen skaut og bukken datt. Dette var det første dyret som Espen har skote, så mor og far kom farande med raud respons frå Sogndal for å sjå eldste sonen kome ned med sitt første dyr. Stor stas, ikkje berre for dei, men og for resten av jaktlaget:

 

Gratulerer Espen!

 

Espen med sitt første dyr, ein 6-taggar.

Når ikkje Johnny og Ove  skyt sjølve
 så får dei no vera med på bilete.