[ Tilbake ]

Gapahuken 16. oktober

Etter resultatlaus jakting i Suppelledalen dei tre siste dagane bestemte me oss for å prøve Berge på søndagsmorgonen. Ove gjekk opp Hovdenlia, Johnny gjekk opp på tunneltaket (Frudalstunnellen) og Trygve gjekk direkte opp til Midtstødl. Planen var at Ove skulle kikre etter dyr og Johnny skulle løyse desse til Trygve. Såg ganske snart kolle og kalv i nærleiken av Trygveholten. Medan Trygve og Ove utveksla informasjonar på VHF'en seier plutseleg Trygve: "Her kjem det eit anna dyr, eg trur jaggu er skyt det". Som sagt så gjort, nokre sekundar etter låg dyret etter eit velretta hjarteskot. Etter dette gjekk Johnny opp på Legdene for å finne att kolla og kalven. Ove dirigerte og etter nokre minuttar kalla Trygve oss opp: "De kan gi dykk no karar, dei passerte meg no i ein voldsom fart". Dermed var det til å slakte bukken, medan me stod der og slakta vart Ove vâr sjefen sjølv som var ute med haremet sitt. Ein kjempebukk med fleire koller, men utan rifle for handa vart me ståande å sjå på kvarandre til hjortane hadde sett nok og trekte oppover i lia.

 

Trygve med 6-taggaren

Johnny og Ove med dyret