[ Tilbake ]

Myrhaug 7. oktober

Denne  helga hadde me tenkt å reise opp på Myrhaug dersom været vart bra. Været blei bra det og tidleg fredagsmorgon starta me turen opp. Ved halvgådd løyste Trygve eit stort dyr som det ikkje lukkast å prøve seg på. Vel oppe oppdaga Trygve ei lita fjordkolle men denne lukkast me heller ikkje med. Tormod hadde gådd inn i Skarhola og ville prøve å løyse dyr opp til oss. Det gjekk bra, først kom det kolle og kalv, desse kom me ikkje på skothald på, men etter 10 nye minuttar kom bukken opp til Trygve og Myrhaugsjakta var vellukka. Bukken vog temmeleg nøyaktig 100 kg. I mesta laget å skyte eit så stor dyr så langt frå allfarveg, men me fekk no med oss dyret heimatt.

 

Trygve med 8-taggaren

 

Heile jaktlaget denne dagen

 

Nærbilete av Trygve og Myrhaugsbukken