[ Tilbake ]

Strunka 23. september

Tormod, Ove og Trygve reiste til Supphelledalen fredag morgon, 23. sept. Prøvde på morgonjakt i Daurmåla, men utan resultat. Karane sela på og drog på hytta for å slappa av. Tok med oss eit lite jag i Brehaugane. Einaste me fann var ein jervdrepen sau. Kveldsjakta var håpet for jegerar som så langt ikkje hadde skote noko. Ove gikk på Mikkelstølen, Trygve på Strunka og Tormod gikk i Svartøyskreda. Trygve såg dyr - ei kolle - straks han kom på Strunka. Den luska seg ut av syne. Hadde sikkert sett eller høyrt han. Det var fin vind, og omtrent samstundes såg Tormod dyr i kikkert i skreda over og litt framom Strunka. Han dirigerte og etter litt åling og spenning var haldet bra og det roleg, beitande dyret datt med ein gong. Utvomming og retur til hytta akkurat før det vart mørkt. Gjellkolla på vel 60 kilo vart henta ned neste dag. God start!

 

Trygve med gjellkolla si

 

Tormod med kolla, nede i dalen
kan du sjå Stølsskrea

 

Trygve er byrja å dra kolla
nedetter "lia"