[ Tilbake ]

Nedre Hovdali 13. november

Heile jaktlaget skulle i dag jakte på Berge. Me hadde strategien klar; jag i Hovdali og Stølsli. Før me gjekk oppover ville Johnny gå opp gjennom granfeltet for å sjekke om det stod dyr der. Me andre stoppa i vegen opp til Heimastødl for ikkje å uroe terrenget, me hadde vel knapt venta i 5 minuttar då det small. Dermed hadde Johnny felt ein stor bukkekalv. Resten av dagen prøvde me oss i Storali, der hadde det vore mykje dyr om natta/morgonen (noko me såg av spora i snøen som hadde kome i løpet av natta). Tormod kikra og fann ein bukk høgt oppe og heimom Legdene, Trygve gjekk opp for å prøve seg på bukken men diverre så skulle ikkje det lukkast.

 

 

Johnny med bukkekalven sin.
Været me hadde dei siste dagane av jakta var direkte dårleg, noko som og gjenspeglar kvalitet på biletet, men me vonar at det går an å sjå både Johnny og kalven.