[ Tilbake ]

Daurmålshammaren 12. november

Mest kvar dag heile veka hadde det vore 2 bukkar høgt oppe over Beitabakken, sist observert av Randi på torsdags ettermiddagen. Tormod og Ove ville særs gjerne prøve seg på desse dyra, så på fredag etter jobb blei det ekspresstur til Supphella. Me så ikkje dyr då me kom inn men Randi såg nokre dyr! To mann blir for lite i det opplegg me ville prøve på, dermed trødde Pekka og Randi til; Pekka hadde samband med oss, medan Randi kikra og ringde Pekka slik at me fekk melding om når og om dyra flytta på seg. Ove prøvde å løyse dyra framover, men dyra hadde bestemt seg for å trykke. Ove ropa og dansa krigsdans og tok ladegrep på ladegrep for å få fart på dyra, men dyra stod som limt fast. Ove gjekk då opp Beitabakken og ropa og herja vidare, så til slutt tok dyra laust og ein god minutt etter låg dei begge. Det me trudde skulle vera 2 bukkar skulle vise seg å vere kolle og kalv. Kolla vog 75 kr og kalven 35 kg.
 

Det er ikkje nokon gode jaktbilete me presenterer her, men det skuldast været me fekk då me tok ned dyra. Same ettermiddagen som me tok dei ned vart 20 - 30 bilar innesperra av ras mellom Lunde og Skei og i vårt terreng gjekk det knapt 5 minuttar mellom kvar skrede som kom. Bileta viser; frå venstre Ove og kolla og til høgre Tormod og kalven.

Her held Trygve og Tormod på å få kalven ned. Det er vanskeleg å sjå av biletet men her er det rett og slett stupbratt.