[ Tilbake ]

Endrefjellet 15. oktober

Johnny, Espen og Trygve skulle prøve å ta sesongens første dyr i Berge. Me ville prøve å jage Hovdali mot Endrefjellet. Trygve gikk raskt fram og posta litt innpå Endre. På veg fram var det livleg buring i Storali. Observerte og høyrde stor bukk på myra rett over frå Midtstølen. Espen gikk høgt og Johnny gikk midtlies framover. Dei løyste dyr og bukken kom åleine innpå Endrefjellet. Han kryssa elva og hadde kurs mot Bukkali, men kom aldri så langt. Flott dag og flott dyr med 7 taggar og vekt på 72 kilo. Me drog dyret ned til Midtstølen før det vart partert. Berehjelp frå Sverre og Ove som vart tilkalla.