[ Tilbake ]

Mikkelstølen 13. oktober

Eg reiste inn i Supphelledalen måndagskvelden den 11. for å jakte på "heimadyr", dette vart ikkje nokon vidare suksess. Dagen etter gjekk eg vidare opp til Fjellstølen og om kvelden ned att til Brehaugane for å jakte der. Sjeldan eller aldri har eg hatt så mange bukkar rundt meg utan å sjå eit einaste dyr. Neste morgon gjekk eg fram til Mikkelstølen i 07-tida, eg la meg godt tilrette, med god oversikt, men kunne ikkje få auge på dyr. Så plutseleg brølte bukken, eg retta kikkerten mot der eg meinte lyden kom frå, og der gjekk forsyne meg kolle, kalv og bukk. Kolla gjekk snart inn i noko "bas" og vart vekke for meg. Bukken var og i rørsle og hadde berre nokre meter att før også den ville forsvinne, men den saken ordna Oryx'en særs effektivt.

Åleine og ikkje eit tre å hjelpe seg med vart utvomming og slakting ei utfordring, får seie eg eg var rimeleg fornøgd då utvomminga var ferdig. Heldigvis kom Pekka til og hjelpte meg med slaktinga og like før me skulle til å bera kom Espen og Sverre og hjelpte til å bera kjøt.