[ Tilbake ]

Brehaugane 25. september

Jakthelga starta me laurdagsmorgonen i Daurmåla, me korkje såg eller høyrde noko her. Om kvelden la Trygve seg på Mikkelstødl, Ove i Stølsskreda og Tormod på Brehaugane. På Brehaugane har me hatt til gode å skote dyr så langt, hadde me vore overtruiske ville me vel ha trudd det kvilte ei forbanning over dette området for timane har me hatt der! Like før skytelyset var slutt for kvelden smalt det på haugane. Tormod hadde høyrt ein bukk som "prøve" brølte oppe mot Hardbakkeskreda, Tormod svara med ein kollelyd, dermed kom bukken ned til han og me hadde fått nok ei vellukka jakthelg.

 

Bukken er felt og vomma ut

Transport av bukken

 

Frå USA kjøpte Tormod for nokre år sidan ein form for transport plast som skulle gjera transporten av hjort så lett og enkelt. No skulle me og prøve dette vidunderet, men systemet var nok ikkje tiltenkt Supphelledalen, godt halvveges til bilveg gjekk heile sulamitten rett vest. Blir nok ikkje kjøpt fleire slike!