[ Tilbake ]

Beitabakken 18. september

Trygve, Tormod og eg reiste inn i Supphella fredag 17., Trygve la seg i Daurmåla, Tormod i Åreskrehola og eg på Brehaugane, resultatlaust. Me overnatta i Strunka og gjekk til Myrhaug tidleg laurdags morgonen, også den jakta vart resultatlaus. Etter å ha ete litt i hytta gjekk me heimover att. Eg måtte nett opp til Pekka med ei jakke eg hadde låna av han, då eg var der ringde Randi S. og sa ho hadde sett dyr i Beitabakken midt på dagen. Me kikra og såg dyr og bestemte me måtte prøve oss på desse. Eg gjekk fram elvabråtet medan Tormod skulle gå opp ved snøfonna. Nesten framme løyste eg eit dyr, dyret tok strake vegen opp mot fjellet, Tormod såg det og skaut, dyret, ei fjorkolle, datt og under er bilete av jeger og hjort.

 

Tormod og fjordkolla