[ Tilbake ]

Hovdali 15. november 2003

 

Tre av oss gjekk opp på hytta på torsdag ettermiddag. Jakta hadde så langt vore eit syrgjeleg kapittel om ein då ser bort frå første jaktveka. Etter den tid har hjorten vunne kvar gong, ikkje det at me ikkje har sett dyr men snarare det at hjorten har lurt oss. Det kom eit lite snøfall natt til fredag, dette gjorde at me visste at det var rikeleg med dyr i terrenget då me byrja å jakte fredags morgonen. Me posterte om morgonen utan at det kom dyr på oss. Johnny oppdaga så at det gjekk tre dyr oppe på Endrefjellet, Trygve tok seg så raskt opp dit som han kunne, men dyra hadde trekt innover fjellet og kanskje reist over til Horpedalen då han kom opp. Om ettermiddagen prøvde me å postere igjen, men også denne gangen utan resultat. Om ettermiddagen kom Tormod opp, slik at me ville vera fire mann på laurdagen. Om kvelden la me planar for laurdag, me vart samde om at me skulle prøve å ha ein mann oppe på post på Endre, ein mann på overspranget ved Midtstølen medan to mann skulle prøve å løyse dyr mot desse.

Tidleg laurdagsmorgonen gjekk Tormod til Endrefjellet og Johnny til Midtstølen. Etter at dei var komne på plass tok Trygve og eg oss opp i Hovdali; Trygve rimeleg høgt og eg nokolunde midt i lia. Etter at me hadde gådd frametter ei tid fekk Trygve auge på eit einsleg dyr, Trygve kom til slutt 15 m frå dyret og skaut det. Det var ein stor og flott hokalv han felte, kvifor den var heilt åleine veit me ikkje, men det kan vel tyde på at ein i eit anna vald hadde skote mora frå kalven.

 

Hoveopphengt kalv som normalt
skal vera når det gjeld Trygve!

Transporten ned att.

Dermed var jaktsesongen 2003 historie, la oss håpe at det blir ein meir normal sesong neste år!