[ Tilbake ]

Storali 18. september 2003

Johnny og Ove jakta meir eller mindre i eit frå tysdag ettermiddag til onsdag kveld utan å sjå dyr. Johnny var difor ekstra sugen på å ta seg endå ei økt for om muleg å få seg eit dyr. Dermed for Johnny på nytt på jakt morgonen etter, med seg denne dagen hadde han Tormod. Tormod gjekk opp mot Hovden medan Johnny gjekk opp over taket på Frudalstunnellen. Tormod såg mykje dyr denne dagen, men dei hadde alle kvit ull. Johnny fekk etter ei tid auge på ein bukk som kom roleg gåande på godt hundre meters hald og dermed var bukken Johnny sin. Bukken vog 75 kg og var 2,5 år gamal.

På grunn av tidsnaud måtte bukken leggast igjen i terrenget. Om ettermiddagen tok Tormod, Trygve, Ove og Kristhian turen for å få ned dyret. Me spente opp ein løypestreng for å fire det ned, men det skulle vise seg at enkelt skulle ikkje dette bli. Bukken sette seg fast i eit tre i steile fjellveggen og Tormod let seg difor fira ned for å løyse det. Dette er vel noko av det mest hasardiøse nokon har føreteke seg for å få seg litt hjortekjøt! Trygve og Ove hadde hjarta i halsen i minst ein time medan Tormod held på med prosjektet sitt. Han påstod i ettertid at det såg mykje verre ut for oss enn det det i verkelegheita var. Tru det den som vil!

 

tre av hjortefirerane

Her er hjorten igjen komen ned på bakkenivå etter ein luftseilas i løypestrengen.

Så er frakken byrja å kome av bukken