[ Tilbake ]

Oveskrea 13. september 2003

Så var det dags for den første overnatting i "nye" Strunka. Tormod og Ove fekk gleda av å vere dei første til å overnatte der. Me gjekk opp på fredag ettermiddag, med oss hadde me også skroget til skinnsofaen. Fredagskvelden gjekk Tormod ned til Sommarhaugsreina medan Ove gjekk opp til Mikkelstødl. Diverre var det ikkje dyr å sjå på dei plassane med hadde valt oss ut for kvelden. Tormod brukte kikkerten og såg framover mot selet vårt; der gjekk det fem dyr! Ja, ja, ingenting å gjera med det, me tok kvelden og satsa på å stå tidleg opp neste morgon.

Laurdagsmorgonen såg Tormod kolle og kalv 200 m frå selet, men innan me var klare for jakt hadde dyra forsvunne. Deretter såg Tormod eit einsleg dyr i "Oveskreda" (Tormod har gitt namnet til skreda då skreda var namnlaus og avdi Ove var den første som fekk felt dyr der). Ove var ikkje vidare lysten på å gå opp dit, så valet fall på Tormod. Ove kikkra og prøvde å hjelpe Tormod om dyret skulle flytte seg, noko det og gjorde. Dyret var ikkje å sjå då Tormod kom opp, men Ove meinte det måtte vera like i nærleiken då han var ganske så sikker på at han ville ha sett det om det skulle ha gått ut av området. Tormod plystra og dyret reiste seg berre 50 meter frå der han stod. Dermed hadde me fått nok ein suksessfull jaktdag.

 

 

 

Flott gjeldkolle, vekt ca 70 kg.