[ Tilbake ]

Daurmåla 10. september 2003

 

Det hadde kribla nokre dagar og endeleg var første jaktdagen der. Trygve og eg reiste inn i Supphella i 17-tida. Trygve ville prøve seg i Daurmåla medan eg ville prøve meg opp mot Tverrdalen. Klokka nærma seg 20.00 då det gjekk eit skot og skotet kunne høyast ut som om det kom frå den retninga der Trygve skulle vera. Og det var det, etter ei lita tid kom Trygve inn på sambandet og sa han hadde skote ei fjorårskolle. Kolla hadde sprunge inn i noko tett småskog etter påskyting, han bad meg difor kome bort slik at me begge kunne leite etter ho. På trass av at kolla kun hadde sprunge ca 20-30 m inn i skogen før den fall, så tok det ei tid før me fann ho. Dette er det første dyret me har skote i Daurmåla, slik sett vart ho på sett og vis ein milepæl for oss. 

 

Det vart dårleg med fotografering jaktdagen, me fekk difor Pekka til å ta bilete av kolla dagen etter. 

Flott fjorårskolle, vekt ca 65kg.