[ Tilbake ]

Storali 21. september 2002

Trygve og eg gjekk opp på fredagskvelden etter å ha partert kjøtet frå onsdagen. Då me kom opp til hytta brukte me kikkertane litt, me såg eit stort dyr høgt oppe i Storali, dette gav kveiken og me fann ut at me måtte prøve litt kveldsjakt. Trygve gjekk opp på Endrefjellet medan eg gjekk frametter mot Fjellstølen, men diverre, ikkje eit dyr å sjå før mørkni kom. Neste morgon (laurdag) skulle Tormod og Espen (son til Trygve) starte tidleg frå Sogndal og prøve å lose dyr opp til oss. Me hadde postert på to oversprang langs elva. Det gjekk ikkje langt tid før Trygve skjøna at dei hadde sett dyr, sjølv høyrde eg ingenting då radiosambandet ikkje virka dit eg låg. Etter at Espen og Tormod hadde lurt seg inn på dyret etter ca 1 time vart det felt. Ei gjellkolle av det store slaget, mellom 80-90 kg!! Utruleg storleik, ingen av oss har sett liknande før. Eg må seie for min eigen del av eg ikkje heilt var klar over at dei kunne bli så store.

 

Tormod, Trygve og Espen

Jeger, fotograf og lærling

Jaggu var ho svær!

Me måtte ta bilete av alle denne gangen, dette avdi dette var den største kolla me til dags dato har felt