[ Tilbake ]

Storali 25. oktober 2002
 

Trygve, Johnny og Tormod kom til Berge kl 1330 fredag ettermiddag. Det skulle jaktast fredag og laurdag med overnatting på Heimastølen. Ein del snø var kome i løpet av natta og før turen fram dalen vart det sjekka og funne spor etter dyr som hadde vore nede ved sjøen om natta og trekt opp att over vesle-tunnellen. Det var altså dyr i Hovdali! Dette vart snart stadfesta då Johnny på veg opp mot Hytta fekk auge på ei kolle rett under Hovden. Karane var snart oppe ved hytta og fekk då sjå 7 dyr i Storali på veg opp i framkant av Hytteskrea. Fem av desse – Kolle, kalv to ungdyr og storbukk trekte etter kvart heim til granane på store-tunnellen. Det vart bestemt at Trygve og Johnny skulle ta seg fram mot Midtstølen, medan Tormod venta ved Hytta. Snart kunne Trygve melde om to dyr dyr som beita roleg i Storali mellom Hytteskrea og myrane og ein grov bukk som bura kontinuerleg. Tormod tok seg då over elva og opp i Hytteskrea. Ny melding om tre dyr i stor fart på veg heimover. Tormod kunne snart sjå kolle, kalv og ungbukk passere om lag 150 m over seg. Skot var ikkje å tenkje på. Etter 100m vidare oppstigning oppdaga han eit dyr i ei li. Spissbukken var på veg bort og Tormod prøvde då å lokke med kontakt-lydar. Bukken svara straks og roa seg i området. Bukken vart felt på om lag 50 m. Johnny kom ned og var med på utvomming. Dyret fekk liggja til neste dag då det etter kvart vart nokså mørkt.

 

Tormod med ungbukken som vart felt i Storali

 

 

 

Arnold kom opp til Hemastødl med traktoren og henta dyra som vart felte på fredag og laurdag