[ Tilbake ]

Myrhaug 11. oktober 2002

Trygve, Tormod og eg skulle for første gang overnatte i selet som me flytta opp med helikopter i september. Selet er ikkje heilt ferdig, men me fann dett likevel tilrådeleg å overnatte der. Grunnen til at me ville overnatte var at me om fredagen ville prøve Myrhaug for første gang i år.  Dette er ein såpass krevjande tur (dersom det skulle bli felt dyr) at det ville hjelpe godt på å ha selet som utgangspunkt om morgonen. Fredagsmorgonen gjekk Tormod opp Gamlestien medan Trygve og eg gjekk opp den vanlege stien. Tormod kom opp før oss, som planlagd, han såg ein fin bukk ved Storesteinen, den gjekk og brøla og kasta seg i badedammane, men då me kom opp hadde denne drege seg inn i skogen. Me tok det med ro medan Tormod brukte kikkerten sin meir, etter nokre minuttar seier han til oss at han hadde sett fem nye dyr som me burde prøve oss på. Tormod dirigerte oss via VHF i posisjon. Dyra trekte meir og meir opp mot høgdene og Trygve fylde etter. Dyra gjekk etter kvart til ro og medan Trygve prøvde å  kome i posisjon kom det tre dyr berre 30-40 meter frå han; to spissbukkar og ei fjorårskolle. Dette var ikkje dei dyra me hadde følt etter, men kva gjer vel det? Spissbukken Trygve felte (60 kg) var meir enn stor nok å ha i tre ryggsekker i 3 timar. Godt me ikkje skaut eit større dyr, det hadde blitt for tøft å ha i sekken for underteikna! På vegen ned att med slaktet stoppa me ved selet og støypte litt samstundes som at Tormod byrja å konstruere utedo.

 

Jeger med spissbukken. I bakgrunnen ser ein den mykje omstridde Kaldakari.

Så var det slakting. Ikkje spesielt mykje trær å henge slaktet opp i. Difor må me slakte i skinnet når me er her oppe.