[ Tilbake ]
Hovdali 2. november 2002
Etter resultatlaus jakt i Supphelledalen fredag reiste Johnny, Tormod og Trygve til Berge laurdag 2. november. Kaldt og flott ver med skaresnø gjorde det vanskeleg med smygjakt. Tormod ville først prøve seg over tunnelen i Storali medan Johnny, Thomas (junior) og Trygve gikk opp i Hovdali for å vente på dyr. Tormod fann ikkje dyr i Storali og reiste difor heilt ned i strondi for å prøve å løyse dyr mot oss som sat lenger oppe. Det var kaldt og sambandet var dårleg, men etter kvart fekk me høyre at han hadde sett dyr på veg opp. Etter litt venting hadde me belaga oss på at hjorten hadde lurt oss nok ein gong og me byrja å tenkje på å avslutte for dagen. Då kom storbukken åleine på Trygve. Han hadde god tid og hadde tydeleg kontroll på jagaren. Eit velretta skot på 50 meters hald og bukken sprang 60-70 meter før han datt. 12-taggaren er den største i jaktlaget si soge så langt. Kanskje endar han på veggen? |
|
Flott bukk og ein ikkje så lite stolt jeger! |
|
Litt alvorsam Jägermeister med jagaren som løyste dyra frå sjøen og opp til Hovdali |