[ Tilbake ]

Hovdali 26. oktober 2002

Karane vakna til gråver, men med vissheit om at det var dyr i Hovdali, var dei snart på veg ut i felten. Planen var at Johnny og Trygve skulle setja seg på trekkvegar opp mot Hovden medan Tormod skulle avventa noko og så gå roleg gjennom terrenget frå vesle-tunnellen opp mot postane. Kort tid etter at postane var på plass gjekk det skot. Trygve hadde oppdaga rørsle i skogen og fekk etter kvart sjå eit heilt harem roleg på veg mot seg. Kolle og kalv vart felt og etter rask utvomming kunne dyra trekkast ned til veg. Det vart kaffi i hytta og bukken vart henta. Dei drog han ned Hytte-skrea og talja han opp att til veg. Arnold og eg kom med traktor og eg avbilda tre flotte dyr og tre fornøgde karar.

 

Kolle og kalv på Trygve denne gangen.

På biletet ser du forutan Trygve, Johnny og Tormod, Arnold som stod for "frakta" frå Heimastødl og ned på parkeringsplassen på Berge.