[ Tilbake ]

Heimabøen 15. september 2002

Me såg to dyr i 6-tida om morgonen og slagplan vart laga, Johnny skulle prøve å kome inn på dyra direkte medan Tormod skulle plassere seg ved overspranget over elva i tilfelle retur. Sjølv skulle eg dirigere Tormod og Johnny etter der dyra gjekk, som hjelpemiddel til dette nytta eg Swarovskien. Snakk om spenning, trur nok at berre dei som har gjort det same veit kva det inneber! Eit skot (hjarteskot) og spissbukken var felt. Det andre dyret lever i beste velgåande, men kanskje treffer me det ved eit seinare høve? Det øverste biletet vart noko mørkt, vil voneleg få det betre til med litt redigering.

 

Flott spissbukk, årets første.

Slaktinga føregjekk i garasjen til Pekka.