[ Tilbake ]

Gamlebøen 18. september 2002

Randi observerte to spissbukkar i Beitebakken kl. 13.30 i går den 17. Desse dyra kom inn på  Gamlebøen i 18.00 tida. Spørsmålet var så om desse bukkane ville vera der om morgonen i dag den 18. Tormod og eg reiste inn til Supphelledalen i 5-tida om morgonen. På vegen inn blei me einige om at eg skulle prøve å lure meg inn på dyra medan Tormod skulle legge seg ved elva i tilfelle dei prøvde å returnere over elva og opp att i Beitebakken. Pekka var kikkertmann og gav oss detaljerte opplysningar om kva dyra føretok seg medan me kom i posisjon. Då eg var komen på plass såg eg at det eine dyret gjekk inn i skogen, medan det andre fredeleg beita vidare. Eg trudde ikkje eg hadde skremt dyret som forsvann og venta difor på at det skulle kome ut att. Det gjorde det, dermed skaut eg først dyret som framleis beita for deretter å ta dyret som kom inn att frå krattskogen.

 

Over: bilete som Pekka tok av bukkane i går

Under: fornøgd jeger med flotte dyr

Det er å beklage, men bileta er i mørkaste laget