[ Tilbake ]

Buskrea 16. oktober 2000

Johnny og Tormod hadde planar om å kome seg opp på Myrhaug tidleg denne dagen, men på vegen fram mot Fjellstølen oppdaga Tormod eit dyr høgt oppe i Buskrea. Johnny ville prøve seg og åla seg difor opp i Holene og kom der på skothald av dyret. Fjordårskolla blei felt, dei gjorde opp dyret og gjekk deretter opp på Myrhaug. I og med at dei fekk dyr lengre nede i terrenget, kom dei for seint opp der dei eigentleg hadde planlagt for dagen, men kva gjer vel det når det blei dyr ein anna plass?

 

Dårleg med bilete av dette dyret, men tek med eit av ettersøkshunden vår i staden ;-)