[ Tilbake ]

Berge 11. november 2000

Det er ikkje greit å ete skiver og samstundes prøve å plystre for å få hjorten til å stoppe. Det fekk i sannheit Tormod erfare denne dagen. Etter alt å døme så løyste Trygve ut ein stor bukk som kom i stor fart mot Tormod som på si side prøvde å plystre for å få han til å stoppe, det gjekk dårleg, maten i munnen vart noko i vegen for plystrelydane. På VHF-en fekk vi høyre om bukken som ikkje hadde korkje tid eller lyst til å stanse. Men så etter nokre minuttar til så kom det endå ein bukk, no var munnen tom for mat og bukken fall. Vi har diverre ikkje bileter frå terrenget der bukken fall, dette skuldast ein viss mann på Kaupanger som ikkje tek i mot tekstmeldingar på mobilen sin etter kl. 22.30!!!!!!!! Men til gjengjeld så ville han gjerne bli teken bilete av med bukkehovudet etter at vi kom heim att.Vi gjer dykk merksame på at han som held bukkehovudet under, slett ikkje er jegeren som felte dyret.

 

Johnny og 10 taggaren.gif (20296 bytes)

Johnny og 10 taggaren2.gif (27062 bytes)

Johnny poserer med
10-taggaren til Tormod

Endå eit bilete av same bukken

Johnny og Aleksander.gif (13064 bytes)

Aleksander måtte vera med på bilete og!