[ Tilbake ]

Hjortejakt 1999

Seint i jakta i fjor (1998) vart me inviterte inn i Supphelledalen til Ingebrigt Supphellen og Per Chr. Liseter. Dei ville høyre med oss om me ville jakte i deira terreng. Det ville me gjerne og allereie siste veka i jakta dette året forsøkte me oss på jakt. Me mangla alt av kunnskap om terrenget og resultatet av jakta i den siste veka av jakta som me hadde til disposisjon vart ikkje uventa null dyr.

Så i 1999 var me klar for vår første sesong i dalen. Me skjøna fort at det måtte mykje kunnskap til før det kunne bli utbytte av jakta, då terrenget var noko spesielt og krevjande. Men sesongen gav oss likevel to dyr, noko me var storleg fornøgde med. Tormod skaut ein 6-taggar på Myrhaug den 16. september og den 14. november skaut den same mannen ein 6-taggar på Strunka. Diverre var me ikkje utrusta med digitalt fotoapparat på den tida så noko bilete av desse dyra har me ikkje.

 

illustrasjonsfoto