Tilbake

Grønland 2009

I år blei det ikkje fisketur til Nordnorge, i staden tok me turen til Grønland, nærare bestemt området sør for Sisimiut by. Me reiste frå Norge til Kastrup for der å overnatte før me tok flyet til Kangerlussuaq. I Kangerlussuaq vart det flybytte til Sisimiut. Været me hadde då me kom til Grønland minna meir om syden, det var varmt og godt, kanskje godt over 20 grader. Me skulle reise vidare frå Sisimiut med båt sørover etter at me hadde handla inn litt fødevarer. Det vart ikkje slik, pga av høge bylgjer måtte me vente til ut på kvelden før me kunne reise med båten sørover. Etter nokre timar kom me fram til der me skulle gå i land. Det var eit stykke å gå og sekkene var tunge, ikkje hjalp det særleg at me bomma litt på vegen til campen heller. Då me kom fram til campen var eg rett og slett utsliten, men Øvrebø rigga flugestanga og byrje å fiske. Eg blei vekt etter ei stund ved at ein kar stod og viste fram ei røye som var 3 kg. Utruleg start og slik skulle det fortsette. Me hadde ein tanke om at me skulle skrive opp kor mange me fekk kvar dag men dette skar seg fort, me kom aldeles ut av kor mange me fekk. Me vil tru me i løpet av dei sju dagane me var i elva måtte ha fått mellom 200 og 250 sjørøyer som varierte i størrelse mellom 1,4 og 3 kg. Snakk om fiske, det var rett og slett rått!  Under er det ein del bilete frå fisketuren vår.

 

Flyet frå København er landa og me er klar for flybytte til Sisimiut

 

Slik ser kyrkja ut i Sisimiut

 

Me traff to danskar som skulle fiske i ei elv noko sør for oss

 

Flott hofisk

 

Ein vakker skapning

 

Myrull var det bra av somme stader

 

Her eit bilete frå favoritthølen vår

 

Framover i dalen

 

Foss nr. 2

 

Tormod i favoritthølen med flott sjørøye

 

Eit myrullbilete

 

Gliser godt her

 

Bra storleik

 

Campen i fin kveldssol

     
 

Ikkje umuleg å sove ute dersom ein har myggnett og masse klær på

 

Fjellreven som me fôra mest kvar dag. Han kom heilt inn i leiren vår.

     
 

Itilleq, lita bygd på 123 innbyggarar in the middle of nowhere  

Mektige fjell som reiste seg opp frå elva