[ Tilbake ]
Barekstad 2024
Då var årets gåsejakt på øya Hovden tilbakelagd. Eit reint ufyseleg vær med striregn og vindkast opptil 19m/s er nok ikkje optimalt for gåsejakt men gås fekk vi på trass av været. Laurdagen, som var første dagen, var det verste værmessig sett men merkeleg også den beste dagen når det galt gåsefall. Då søndag kom såg vi faktisk ikkje ei einaste gås, ei heller plogar på trekk sørover noko som vi aldri før har opplevd. |
|
|
Å seie at været var det beste heile tida er å overdrive ein tanke, men det blei heldigvis betre etterkvart |
|
|
|
Det blei ikkje så mykje gås men vi fekk no begge eit par stykker |
|
|
|
Og når været blei bra og vi ikkje såg gås så var det berre å slappe litt av |
|
|
|
Det er bra med hjort på øya, trur vi såg ein 10-12 stykker utan å sjå etter dei. |