[ Tilbake ]

Barekstad 2020

Det var eit tur til Barekstad i år og, vi installerte oss som vanleg på Vikatun,der vi brukar bu. Vel installerte blei det ein rekogniseringstur ut på Barekstadneset til Alf-Per. Var ikkje mykje gås å sjå, han fortalte at omtrent alt av stasjonær gås hadde trekt sørover for ei veke sidan og at det no berre var att nokon få gås. Dagen etter starta gåsejakta og vi køyrde igjen ut til Barekstadneset. Der fekk vi auge på ein liten flokk, av desse fekk vi denne dagen ei par gjess. Dagen etter fekk vi ei gås til frå same flokken og det var det vi fekk. Må vera frustrerande for dei som har sauer på øya og sjå på at det meste av foret bli ete opp av gåsa eller blir fullt av gåsedrit og slik ubrukeleg som fôr. Hadde jakta starta ei god veke før så kunne ein fått beskatta noko av den stasjonære gåsa slik at skadane kanskje hadde vorte noko reduserte. Kinn kommune må vel snart vera den einaste kommunen som ikkje tillet skadefelling av gås eller framskyting av jaktstarten for slik å redusere skadeomfanget som gåsa gjer

 

 

Utsikten frå Vikatunet

 

Tormod kikkar etter gås på Ytre Hovdevågen

 

Ove med 2 gjess

 

 

 

Langholdsgås

 

Alf-Per og Ove sler av ein prat

 

Så var det å prekevære gåsa