[ Tilbake ]

Bulandet 2018

 

Også dette årets gåsejakttur blei lagt til Bulandet. Vi la oss som normal inn på Anne Margrethe Grepstad sine Gjørøybuer, denne gangen på garasjen. Første kvelden (fredag) var det ikkje noko vidare til vær men knott var det veldig bra med! Skal vel godt gjerast å samle meir knott på ei øy. Utbytet denne kvelden vart kun ei gås. Laurdagsmorgon opprann med kjempevær og rikeleg med gåsefall, vi har aldri tidlegare fått så mykje gås så vi var veldig godt nøgde med jakta, planen var at vi også skulle jakte søndagsmorgon og, men dette blei det aldri noko av.

Tormod med årets første gås, skutt fredagskveld. Skutt med 6,5x55

 

 

Asle og Ove på speiding etter gås

 

Gås blei det men Asle måtte hjelpe Ove med å få ho inn med hjelp av steinkasting.

 

Her har Ove fått begge gjessene i handa etter at Asle fekk opp den siste frå sjøen. Skutt med 17HMR

 

Asle med gås, skutt med 222

 

Flott kveldshimmel

   

 Visste ikkje at lokkegjessene våre også samla hjort