[ Tilbake ]

Bulandet 2017

 

Etter å ha prøvd Barekstad i fjor og med bra resultat så ville vi i år igjen prøve oss på Bulandet. Kvelden vi kom ut såg vi mykje gjess, blant anna 5 stk. på plenen vår. Desse hadde omtrent dagleg vore der fekk vi høyre, men då jakta starta dagen etter var alle fordufta og aldri såg vi dei igjen. I det heile tatt så hadde omtrent alt av gås forsvunne den morgonen jakta starta.  Ein kan ikkje seie at været var med oss, været slo om til sørvest og dermed kom det heller ikkje nye fuglar på trekk På trass av dette fann vi tilslutt nokre små flokkar og alle tre fekk omsider skote. Dermed vart vi også denne gangen fornøgde med jakta. Hjort ser det ut til å vera bra med der ute, vi talde 11 stk. første morgonen vi jakta.
 

Tormod med årets første gås

 

Asle kom etter på morgonen på dag 2

 

Til slutt fekk Ove seg ei gås på ettermiddagen på dag 2

 

Rikeleg med hjort på det eine jordet vi jakta på