[ Tilbake ]

Barekstad og Hovdetræet 2015

 

Gåsejakta i år gjekk til øya Hovden i Flora kommune, nærare bestemt til Barekstad og Hovdetræet. Den stasjonære gåsa hadde diverre reist med nordavinden 14 dagar før vi kom dit, men likevel så vart det gås på oss. Vi fekk låne bil på øya og leigde ei av to leilegheiter som bygdalaget hadde. Utruleg kjekke og gjestfrie folk der ute, dei gjorde absolutt alt dei kunne for at vi skulle ha ei god jakt, noko vi også fekk.

Utsikten frå leilegheita vi leigde av grendalaget

 

To gjess i handa må vera betre enn ti på taket ;)

 

Ove med gås felt på Barekstadneset

 

Jaktpause i utkanten av terrenget på Barekstadneset

 

Kor mange hjort vi såg der ute er litt usikkert, men at vi på dei to dagane vi var der såg minst ein stad mellom 20 og 30 er garantert sikkert.