[ Tilbake ]

 Costa Rica 2023

Dette var i grunn ikkje nokon vanleg fisketur men heller ein tur med Henny der eg fekk lurt meg til ein dag med fiske. Henny hadde lyst å dra på ein delfinsightseeing medan vi var i Sàmara på vestkysten av Costa Rica. Det såg ut til at den delfinturen ho hadde tenkt på kun var ein liten tur utfor stranda og då sa eg at det var mykje betre at ho blei med på ein fisketur for då ville ho garantert få sett definar og slik blei det. Hotellet vi budde på ordna med ein båt og vi dro avgarde. Turen blei veldig vellukka, eg fekk fem mahi-mahi samt ein sailfish den dagen vi var ute i havet. Crewet vårt var storarta, dette kunne dei. Båten var heller spartansk utrusta, ikkje fightingchair eller puter å slappe av på men fiskeutstyret var av første klassse.

 
 

Første fisken snart klar til klepping

 

Der var første mahi-mahien komen i båten, dette ein hanne

 

Så kom den første mahi-mahi hofisken ombord

 

Tredje mahi-mahien hoppa ein del før han kom ombord

 

Den største mahi-mahien, ca 45 lb.

 

Sailfishen, ikkje av dei største, ca 80 lb.

Nokre filétar tok eg med tilbake til hotellet, der laga dei til eit godt måltid av litt av fisken
medan resten av filétane vart fordelt mellom dei tilsette der på hotellet