[ Tilbake ]

San Juan, Puerto Rico 2017

 

El Capitolio de Puerto Rico

 

San Filipe del Morro Fortress

Årets fisketur gjekk til San Juan i Puerto Rico. I år var hovudfokuset på tarponfiske i lagunane ikkje så langt frå San Juan. Vi hadde på forhand kontakta Extreme Fishing og inngådd avtale med dei om tarponfiske, vidare hadde vi også ein dag med offshorefiske, her kalla Deep Sea Fishing, til denne turen hadde vi inngådd avtale om fiske med Sea Born Fishing Charters. Begge desse selskapa skulle vise seg å være bunnsolide og dyktige, så nok ei gong hadde vi flaks med valet av outfitters.

San Juan skulle viser seg å vera ein særs flott plass, vi besøkte Old San Juan og hadde ei flott stund der, mange flotte bygningar bygde under kolinitida med Spania, desse var måla i dei tradisjonelle pastellfargane vi elles ser i Karibinen. I Old San Juan var det og høve til å få gratis kurs i Salsa, men dette nytta vi oss ikkje av. Elles held vi oss mykje i Condadoområdet der vi og budde, her var det heller ikkje mangel av restaurantar og barar. Heile Condadoområdet ser ut til å vera under utvikling, mange hotell er nybygde og fleire ser ut til å kome til, eit flott område. Litt lengre aust ligg Isla Verde, det såg ut til å vera eit meir familieprega ferieområde. Flotte strender var det overalt for dei som absolutt vil bade, det blei ikkje til at vi nytta oss så mykje av dette, kun ein mann var uti.

Fisket var bra, vi fekk ikkje dei store mengdene, men Asle fekk ein Atlantic Sailfish den dagen vi held på med deepseafishing, vidare fekk Tormod og Ove tarpon, Ove fekk også ein flott Jack Trevally, ein liten snook samt ein cero mackerel. Alt i alt eit ok fiske.

 
 

 Asle sin Atlantic Sailfish, denne var så vill at mannskapet ikkje torde ta den opp i båten då den kunne skade både oss og seg sjølv

 

Ove med ein flott Jack Trevally

 

Tormod med tarpon

 

Ove med tarpon

 

Ove med ein mojito (mohito), det blei jo litt tid til å gjera andre ting enn å fiske og

 

Karane med ein liten Piña colada

 

Utsikt i retning Condado

 

Ei av servitørane våre på det som skulle bli stamrestauranten vår; Latin Star