[ Tilbake ]

Cabo San Lucas BCS Mexico 2016

 

Etter ei relativ kort drøfting vart årets tur bestemt til å gå til Cabo San Lucas, byen ligg heilt på sørspissen av Californiahalvøya. Vi leste oss litt opp før vi reiste og fann ut at like i nærheita av der vi skulle bu så låg Hotel California og baren Tequila Sunrise, ikkje ukjente namn frå The Eagles, dit måtte vi sjølvsagt prøve å ta ein tur. Når vi snakkar om musikk, så skulle det også vise seg at vokalisten i Van Halen ver.II, Sammy Hagar, hadde sitt eige kjente etablissement der, Cabo Wabo, det måtte også sjølvsagt besøkast.

Kva så med fiske? Første dagen vi var på havet fekk vi masse fisk, mykje sierra og ein del yellowtail og så skulle det lukkast for Ove endeleg å få ei dorado (mahi-mahi). Sist år så var han nær å få ein men den slo seg av i lufta, denne gangen derimot så skulle det lukkast for han. Vi hadde også lyst på å få striped marlin, i og med at vi ikkje hadde fått dette tidlegare. Vi sa difor til mannskapet at vi resten av dagane ville prøve å få striped marlin, dei ombord sa då at det kunne bli eit problem i og med at i år herja El Niño og havstraumane hadde snudd slik at der det vanlegvis var blue water og varmt vatn no var kaldt vatn og lite marlin. Uansett, vi sa vi ville gå for striped og så fekk det bære eller briste. "Well", sa hjelpesmannen om bord, "Fishing is fishing". Resultatet vart null striped så det får vi ha tilgode til seinare.

Vi hadde høyrt av andre at Mexico var særs utrygt for blant anna turistar, til det kan vi berre seie at det absolutt var heilt feil angåande dette området, sjeldan eller aldri har vi følt oss tryggare nokon stad. Vi er rimeleg trygge på at hadde det ikkje vore så langt å reise dit så hadde dette nok vore ein populær ferieplass for nordmenn.

 
 

 Asle med yellowfin

 

Tormod med yellowfin

 

Ove med mahi-mahi (dorado)

 

Asle ville klappe sjøløva uten å gi den fisk først, gjekk dårleg det.

 

Det mest kjente landemerke, Los Arcos de Cabo San Lucas. Det er fine strender mellom klippene, på denne sida heitte stranda Kjærleiksstranda (La playa del amante) og på den andre sida Skilsmissestranda (La playa del divorcio)

 

Ein pitte liten Margarita Damiana på slik kl 11:30 om dagen

 

La Coronela Bar på Hotel California

 

Vi køyrde ut frå havna kl 06:00 om morgonen for så å stoppe og kjøpe agn av desse karane her før vi fortsett ut på fiskefeltet.