[ Tilbake ]

Guadeloupe 2018

 

På veg opp til huset vi leigde

 

Deshaies

Årets tur gjekk til Guadeloupe, ein fransk øykommune like sør for Monserrat og noko nord for Martinique. Alt var fransk her sjølv om vi var i Karibien, valutaen som vart nytta var euro, alle bilskilt var franske og ikkje minst, det kosta ikkje noko å ringe eller å sende SMS/MMS då dette vart å rekne for å vera i Frankrike. Vi havna som vanleg er på denne tida, midt i karnevalet. Dei tok seg bra ut der borte, men for oss blir dette berre kaos og heft. Næringane på øya var stort sett dyrking av sukkerrøyr, bananer og mango. Banan- og mangoplantasjane hadde vorte raserte av orkanane sist haust så mange av dei som arbeidde på plantasjane var no utan jobb. Romdestilleri var det sjølvsagt flust av, vi kan ikkje seie at all romen var særleg god.  Fiskinga vart denne gangen noko amputert då det i store deler av tida var sterk vind, noko som gjorde at vi ikkje kom oss ut der fisket var best. Det regna og ein heil del, men det var regnskôl på omlag 5 minutt lengde og slik sett berre forfriskande. Dagstemperaturen låg mellom 25 og 30 grader medan temperaturen i havet låg på 25-26 grader, noko som i fylgje kapteinen vår var i kaldaste laget.

 
 

 Båten vår låg i Marina Rivière SENS, bilete er teke like ved.

 

Marina Rivière SENS, her var frammøteplassen vår om morgonen

 

Asle med barracuda

 

og her med ein black trevally

 

Mat mårem ha 1|

 

Mat måremha 2

 

Ove testar fluefiske ved utløpet av Rivièr des Pères

 

Tormod prøvde seg etter tarpon

 

Plage de Grand-Anse like nord for Deshaies

 

Det var bra standard på ein del av husa, men langt i frå alle hadde det.