[ Tilbake ]

 Gálapagos 2014

Etter å ha planlagt turen i over 1 år var det no dags for avreise til Ecuador og Gálapagosøyane. Vi reiste frå Bergen tidleg om morgonen den 14. og kom heim til Sogndal att den 24. februar om kvelden. Turen gjekk via Amsterdam, Quito og til Guayaquil, der vi overnatta første kvelden, morgonen etter reiste vi vidare utover Stillehavet med LAN og etter ei flytid på 1 t 50m var vi komne fram til San Christobal (øya der Darwin først gjekk i land på Gálapagosøyane). Tidleg om morgonen dagen etter var det å stå opp tidleg og kome seg ombord i båten vår. Første dagen fiska vi etter gulfinnetuna, wahoo og jacks, vi fekk mykje fisk med ei overvekt av gulfinnetuna, ein atun blanco (Thunnus alalunga) men og med eit par veldig flotte wahoo. Dag nr 2 skulle vi fiske etter striped marlin, dette vart det ikkje noko resultat av, så difor fortsette vi også  første delen av dag 3 etter striped men også dette utan resultat. Vi sette difor kursen mot øya Española for der å prøve å fiske etter meir tuna og wahoo, dette lukkast bra, vi fekk godt med fisk her. Denne gangen var det ikkje berre fiske vi ville, men og å bli litt kjent med ein del av det endemiske dyrelivet som er på øyane, vi fekk blant anna med oss Galapagos skilpadder (Geochelone nigra) som kan bli oppmot 300 kg., hav iguanaer (Amblyrhynchus cristatus), sjøløver (Zalophus californianus, underart: wollebacki), spøkelseskrabbar (Ocypode gaudichaudii), blåfotsuler (Sula nebouxii), dansestormsvaler (Oceanites gracilis galapagoensis), osv. Etter at vi kom tilbake til fastlandet (Guayaquil) gjekk vi på fotballkamp, El Calssico, mellom Barcelona og Emelec, ca 85 000 tilskuarar og eit forfeldeleg leven!

 
 

Karane på veg til fiske

 

Tormod med gulfinnetuna på ca 10 kg

 

Ove med fin wahoo

 

Asle med ein atun blancho (langfinna tunfisk, eller albakor)

 

På kaia i Puerto Banquerizo Moreno

 

Kokken på hotellet hadde fått fri for å feste så då måtte Ove tre til

 

Haviguan som hadde seg ein tur på land

 

Bra størrelse på landskilpaddene

     
 

Store og mest muleg blå føter var sjekketrikset, dei gjekk og viste dei fram

 

Karane på fotballkamp