[ Tilbake ]

 Curaçao 2015

Etter ei lita stund å ha drøfta kor årets fisketur skulle gå, fall valet i år ned på Curaçao. Curaçao er ei av øyane i det tidlegare kalla Nederlandske antiller, også kalla ABC øyane (Aruba, Bonair og Curaçao). Nederlands, engelsk og papiamento er offisielle språk på øyane og US dollar er gangbar valuta sjølv om dei om har sin eigen valuta kalla Nederlandse Antillen Guilder. Årets "deltakarar" var Johnny Larsen, Tormod Øvrebø og Ove Bottolfsen.

Som vanleg blei det KLM som frakta oss over til Amerika. Etter ei reisetid frå Bergen på godt 14 timar landa vi på Hato International Airport og dermed var vi på plass. Vi hadde leigd oss ei leilegheit via Airbnb, denne låg særdeleg flott til, berre nokre meter frå havet og sentralt i høve sentrum av Willemstad. Etter å ha fiska eit par dagar på Curaçao, tok vi flyet over til naboøya Bonair, her fiska eit par av oss etter bonefish og permit ein ettermiddag og påfølgande føremiddag, etter dette returnerte vi så tilbake til Curaçao. Dagen etter returen frå Bonair vart det på ny å fiska på havet rundt Klein Curaçao. Fisket var nok ikkje det beste vi har opplevd, slik sett bør ein heller dra til stillehavssida av mellom/søramerika om ein vil ha mykje fisk, men av og til må ein og prøve noko nytt. På Curaçao leigde vi båten Reel Drag med kaptein Niels og Steve, flinke karar begge to, dei er vel kanskje noko av det beste vi har hatt.

 
 

Det blir feil å seie at vi hadde dårleg utsikt frå leilegheita på Curaçao

 

Vi fekk med oss avslutninga av årets karneval i Willemstad

 

På veg ut til fiskefeltet. Johnny peikar og Tormod føl med

 

Ove med ein Rainbow Runner

 

Handelsbrygga på Punda sett frå Otrobandasida

 

Hus vi gjekk forbi på veg til sentrum, bra fargar!

 

Den venezuelske grønsaksmarknaden i Willemstad

 

Ein skikkeleg gamal pub som var tapetsert med nederlandske kongebilete, namnet var: Netto Bar

 

Bonair; her budde slavane som utvann salt av sjøvatn, seks mann i kvar sitt dokkehus, i underkant av 2 m høgt, ikkje akkurat flust med plass. Slaveriet vart oppheva i 1863.

 

Må jo prøve blå Curaçao når ein først er i Curaçao :)

 

Tormod prøve flugefiske etter mahi-mahi

 

Johnny med ein liten barracuda