[ Tilbake ]

 Costa Rica 2012

I år gjekk fisketuren til Costa Rica, vi reiste den 17. feb. frå Oslo, via New York, til San José i Costa Rica. Etter å ha tilbrakt eit par dagar i hovudstaden gjekk turen vidare mot Stillehavskysten, nærare bestemt til byen Jaco der vi vart verande eit par dagar før vi reiste vidare til Quepos der fiske skulle skje. Båten vi skulle ha første dagen rauk etter berre eit par sjømil så då var det å vente på erstatningsbåt, Good Day heitte denne, Bad Day hadde kanskje vore eit betre namn. Aldri har vi hatt dårlegare utstyr å fiske med, dimensjonen på sena var noko mindre enn det vi normalt nyttar når vi fiskar etter laks. Det gjekk som det måtte gå, vi mista ein god del fisk som vi med normalt utstyr ville ha fått inn til båten. Etter denne dagen fekk vi igjen båten Mad Marlin og då blei fiske eit heilt anna. Vi fekk alle tre flotte sailfish, den største var på Lb 140 noko vi seier oss godt nøgde med :-)

 
 

Tormod med 100 Lb. sail

 

Asle med sail (Istiophorus platypterus)

 

Green Iguana (Iguana iguana)

 

Ove med sail på 140 lb.

 

Manuel Antonio Beach

 

Ein heilt gal blue marlin
(Makaira mazara) som vi fekk